Hesjaslette

Reguleringsplan for Hesjasletta i Vik til offentleg ettersyn

Høyring og offentleg ettersyn er kunngjort i Sogn Avis med fylgjande annonsetekst:

Planen skal m.a. leggja  til rette for  opparbeiding av ny plass for grønkompost, samt  masselager og massedepot i tråd med  føringar i  gjeldande kommuneplan.
Planen legg og til rette for tursti langs elva.

Høyringsinstansar og partar i planområdet får plandokumenta tilsende.

Plandokumenta vert og lagde ut i kommunehuset 

 

Framlegg til reguleringsplan for Hesjasletta  vert med dette lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med Plan- og bygningslova §12-10.

Planområdet  på om lag 60 daa ligg langs austsida av Vikja  frå Føli bru og  om lag 900m sørover. Noverande arealbruk i området er landbruk. Om lag 14 daa er dyrka mark. Resten er  i hovudsak bratt reine og utmark med noko skog.

Planomtale gjer greie for bakgrunn for planarbeidet, forhold i planområdet og utforming av planen.

Planframlegget er utarbeidd  for Vik Kommune av rådgjevarfirma  Asplan Viak  AS .

- Planomtale datert 18.5.16

- Planføresegner datert 18.5.16                                             

- Plankart i A1-format datert 13.5.16                                       

- Illustrasjonsplan A3 101 datert 22.4.2015

-Illustrasjonsplan A3 102 datert 22.4.15

- Terrengsnitt A3 201 datert 4.5. 2016

- ROS-analyse datert 18.5.2016

Vedlegg til planforslaget

01 Merknader og innspel til oppstartvarsel

02 Alternative vegløysingar datert 8.10.2015 Asplan Viak

03 Notat om kulturminnegrunnlag 4.3.2015 Asplan Viak as

04 Rapport etter kulturminneundersøking Okt.2015 Sogn og fj. fylkeskommune

05 Notat om skredfare 22.6.2015 Asplan Viak as

06 Notat om flaumfare 9.12.2015 Asplan Viak

07 Notat om miljøkonsekvensar 9.12.2015 Asplan Viak as

08 Rapport om geoteknisk undersøking 14.9.2015 Statens Vegvesen

09 Registrering av naturtilhøve 11.2.2015 Statens Vegvesen

Eventuelle merknader må vera innkomne til Vik kommune innan 01.08.2016. 

Postadresse:

Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Du kan også nytta formularet nedanfor eller senda e-post til postmottak@vik.kommune.no

 

Tips ein ven  Skriv ut