Du er her: Heim Næringsliv Reiseliv

Reiseliv i Vik

Reiselivet i Vik byggjer hovudsakleg på den vakre naturen mellom fjell, brear og fjordar og kulturlandskapet. Vik har også ei spesielt rik kultursoge, mellom anna med to middelalderkyrkjer og mattradisjonar som blir tekne godt vare på.

Som reiselivskommune ligg Vik om lag på gjennomsnittet i fylket i høve til folketalet  med ca 35-40000 kommersielle gjestedøger i året.

Reisemål Vik
Reiselivsbedriftene i Vik kommune nyorganiserte seg i 2009 i selskapet Reisemål Vik i Sogn, etter oppløysing av Sognefjord Reiseliv BA. I avtale av september 09 mellom Vik Kommune og Reisemål Vik i Sogn tek reisemålselskapet anvar for å starta eit reisemålutviklingsprosjekt etter Innovasjon Norge sitt opplegg. I eit samarbeid mellom Reisemål Vik i Sogn og Vik Kommune vart det hausten 09 etablert eit interimstyre med deltakarar frå Reisemål Vik i Sogn, Vik kommune, Vik Næringssamskipnad og Innovasjon Norge.

Rapporten Forstudie 2010 – Reisemål Vik i Sogn 2020 var ferdig i okt. 2010.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar