Kulturskulerektorar

Rektor ved kulturskulen

Johan Ola Andersson er tilsett som vikar for Beth Ramfjord i kulturskuleåret som kjem.

Vikariatet skuldast at Beth Ramfjord skal ut i svangerskapspermisjon frå oktober.

Johan Ola Andersson er frå Sverige, men har budd i Noreg sidan 1983 . Ola, som han vert kalla, er fagutdanna innanfor musikk der han har ei firårig faglærarutdanning. Ola handterer ei heil rekkje instrument, men hovudinstrumenta er kontrabass og el- gitar. For det mest har Ola arbeidd i kulturskule der dei ti siste åra har vore i Modalen kommune. Vik kommune ynskjer han velkommen og ser fram til samarbeidet framover.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut