Jaktlag 2016

Resultat av hjortejakta i Vik kommune 2016

I 2016 vart det tildelt 412 hjorteløyve (439 i 2015). Resultatet etter jakta vart 319 felte hjort. Det vil sei 19 fleire enn året før, sjølv om det vart tildelt færre løyve no. Fellingsprosenten vart heile 78% (64% i 2015). 

Utviklinga i tildelte løyver og felte dyr frå 2004 til 2016
Utviklinga i tildelte løyver og felte dyr frå 2004 til 2016

Det vart i 2016 (2015) felt 45 (38) hannkalv, 33 (29) hokalv, 65 (58) spissbukk, 51 (36) ungkoller, 69 (74) vaksne bukkar og 56 (65) vaksne koller. 

Valda Sylvarnes, Vetlesand, Alrek, Snytta, Hovsmarki, Heljedalen, Storagjelet og Borlaug Indre hadde 100% uttak. Valda Hauglum/Bungum, Finnabotn, Vollevik, Feios storvald, Fresvik storvald og Arnafjord storvald hadde over 80% felling. 

Full oversikt over fellingsresultatet for dei enkelte valda finn du her. 

 

Slaktevekter 

Slaktevektene i 2016 var i gjennomsnitt slik: Hannkalv 28 kg, hokalv 29 kg, spissbukk 54 kg, ungkolle 49 kg, eldre bukk 83 kg, eldre kolle 60 kg. Vektene held seg framleis høge og stabile. 

 

Måloppnåing 


Frå jakta 2016 vart Bestandsplanen for Vik hjorteviltområde gjeldande (godkjent i Kommunestyret). Hovudmålet i planperioden er « å stabilisere hjortestamma på dagens nivå i tal. Dette skal gjerast innan berekraftige rammer for jord- og skogbruk, og med omsyn til dyrevelferd, naturmangfald og samfunnstryggleik. Ein ynskjer å oppnå ei føreseieleg bestandsutvikling for å ta vare på høvet til rekreasjon og næringsmessig utnytting av hjorten.»

Delmåla går på å ha ein høg produktivitet, stabile slaktevekter, redusere skadeomfanget på skog og innmark, minste trafikkskade, betre avgjerdsgrunnlag for forvaltninga, halde  fram med eit godt samarbeid mellom jaktrettshavarane og inkludere fleire i forvaltninga.

Fordelinga på kjønn og alder skal vere 25% kalv, 18% 1,5 års bukk, 17% 1,5 års kolle, 20% vaksen kolle og 20% vaksen bukk. Måloppnåinga for dei 15 tilslutta valda samla, vert vurdert når planperioden på tre år (2016- 2018) er over. Vald som ikkje har tilslutta seg planen fekk også fellingsløyve tilpassa denne avskytingsplanen. 

I vedlagt tabell, «Prosent felte – pr. vald – hjort 2016», ser ein korleis årets felling vart, samanlikna med målet. Samla sett (for alle 25 valda) skulle ein ha skote ein litt større del vaksne koller, men resultatet er ellers svært bra. 

Mange melder at dei har sett mykje bukk denne jakta, noko som truleg er eit resultat av at ein har spara vaksen-bukk i ein del år. Men det er også viktig å skyte nok vaksne reproduserande koller for å unngå vekst i bestanden. Vinteren har i tillegg vore grei for hjorten, så ein kan anta at bestanden i vertfall er stor nok. 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut