Hjortedyr

Resultat av hjortejakta i Vik kommune 2017

Det er skote 107 dyr meir (auke frå 319 til 426). Dette er bra!!!

Fellingsprosenten er 89%, noko som også er høgt med så stor tildeling. Det er skote mykje meir vaksne koller enn før om åra, noko som bidreg godt til målet om å redusera bestanden.

graf felling hjort 2007-2017
Graf felling hjort 2007-2017

Fellingsprosentane fordelt på alder og kjønn stemmer i tillegg ganske godt med måla i bestandsplanen totalt sett, men det er stor skilnad på gruppene «vald med i områdebestandsplanen» og «vald utanfor».

Svært positiv aukande fokus på å ta ut kvotane, dvs. mål om 100% felling.

Slaktevektene er stabile.

Jakta 2017 har fungert godt og mange er nøgd med ny ordning. Det er sett ny fellingsrekord fleire stader, mellom anna i Fresvik og på Vangsnes. Dårleg vêr tidleg i jakta gjorde at mykje dyr kom ned.

Har inntrykk av at samjaktsavtalane nytta innafor bestandsplanområdet har fungert og vorte teke meir i bruk. Det er valdleiarane (ev. jaktfeltsleiarane i storvalda) som skal signera avtalane.

Å gi fråvik frå minstearealet ned til 1 løyve pr. 300 daa i 2017, førte til at enkeltvalda som ikkje er med i områdebestandsplanen tok ut 25 ekstra dyr (felt 43 i 2016 og 68 i 2017). Tildelinga auka frå 56 til 129 løyver, noko pga. to nye fjellvald. Fellingsprosenten vart 53% men varierer mykje frå vald til vald jf. tabell. Dei skaut mykje kalv og kolle.

Både rådmannen og Vik hjorteviltområdestyre (VHO) er særs nøgd med fellingsresultatet i 2017, men meiner uttaket framleis bør vera stort, ev. aukast ytterlegare, dersom ein skal vera sikker på å få ned hjortebestanden.

Det vert gjennomført vårteljing.

​Resultat av hjortejakta

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut