Hjortedyr

Resultat av hjortejakta i Vik kommune 2018

Etter den store avskytinga i 2017 og ein hard vår 2018, rekna mange med eit lågt uttak av hjort hausten 2018. I nokre område har ein sett lite dyr og enkelte vald ynskte ikkje å jakta eller å ta ut heile kvoten. Likevel vart det felt 298 hjort og ein landa på omtrent same nivå som i perioden 2010 til 2016.

Tildelte og felte hjort 2005-2018

Av dei 298 felte dyra var det:
-35 hannkalv (11,7 %) 37 hokalv (12,4 %). Til saman 72 kalv som er 24,1 % av alle felte dyr.
-64 ungbukk (21,5 %) og 47 ungkoller (15,8 %), dvs. større uttak av spisbukk enn ungkoller. Totalt  37,3 % av alle felte dyr var ungdyr.
-58 eldre bukkar (19,5 %) og 57 eldre koller (19,1 %), dvs. heilt lik fordeling på kjønn.

Valda som er med i områdebestandsplanen (og til saman har 86 % av alt teljande areal i kommunen) har felt 271 dyr medan resten av valda har felt berre 27 dyr. Noko av forklaringa er at vald på Strendene (Vollevik til Ortnevik), der det vart funne mange daude dyr våren 2018, har jakta lite.

Oversikt over fellingsresultata for kvart enkelt vald, prosentvis fordeling på alder/kjønn ligg ved. 

Fellingsprosent på 71,8 totalt i 2018 er mindre enn vanleg hjå oss, men det har sjølvsagt samanheng med redusert jakt i enkelte vald, samt at tal tildelte løyve var høgt. Styret i Vik hjorteviltområde ynskte å halda jakttrykket oppe i 2018 også.  

Utviklinga i slaktevekter, særleg hjå kalv og ungdyr, skal gi eit bilete på endringar i bestandskondisjon. Utviklinga for kalv og for ungdyr i Vik 2006 – 2018, tyder på at det ikkje er grunn til bekymring.

Har ein nådd målet i områdebestandsplanen?

Målet i områdebestandsplanen over 3-års perioden 2017 - 2019 var at hjorteviltbestandane skulle ned at mot 2016-nivå.

For å nå dette var planen godkjent dela ut 1061 fellingsløyver på hjort over tre år, og at fellingsprosenten skulle vera på 75%.  Resultatet var 905 felte dyr som gir ein fellingsprosent på 85,3, sjå eige vedlegg.  Dette er svært bra, særleg for å vera fyrste planperioden.
 

Felling fordelt på alder og kjønn (vald med i bestandsplanen, 3 år)
  Hannkalv Hokalv Bukk 1 1/2 år Kolle 1 1/2 år Bukk eldre Kolle eldre
Sum tal dyr 111 120 180 147 176 171
Resultat i % 12 13 20 16 19 19
Mål i planen                  25% kalv 18 17 20 20

 

 

 

 

 

Fellinga fordelt på alder og kjønn i prosent stemmer også svært godt med måla i bestandsplanen.

I møtet 23.01.19, der styret i VHO evaluerte situasjonen, kom dei til at hjortebestanden i Vik kommune kan vera komen ned på 2016 nivået allereie no.

Ny områdebestandsplan 2019 – 2021
I det same referatet frå VHO sitt møte kan de også lesa korleis styret legg opp arbeidet med rullering av områdebestandsplanen. Det vert m.a. sendt ut tilbod om å melda seg inn til dei valda som ikkje har vore med.

Jaktrettshavarar vert oppmoda til å møta på årsmøta i storvalda og gi innspel til den vidare hjorteviltforvaltinga i Vik kommune. Styret i VHO legg opp til differensiert forvaltning i den nye bestandsplanen. Det vil sei at dei ynskjer å leggja stor vekt på innspela som t.d. kjem frå årsmøta i storvalda og gjerne ulikt jakttrykk i ulike område dersom det er ynskje frå grunneigarane.
 

Vårteljing
Det skal gjennomførast vårteljing også i 2019 men datoane er ikkje faststett enno. 
 

Fellingsavgift

Fellingsavgiftene er som før kr. 180,- pr. kalv og kr. 330 pr. vaksen, faktura er utsende.
Alle dei valda som er med i bestandsplanområde får behalde kalveavgiftene. 
 

Resultat av hjortejakta

 

 

 



 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut