hjorteslakting

Resultat av hjortejakta i Vik kommune 2020 - ny rekord

Ny rekord på tal felte hjort i hjortejakta 2020 med 433 dyr (426 i toppåret 2017).

Dette gir eit godt grunnlag for å nå målet i bestandsplanen for Vik hjorteviltområde 2019 – 2021 (vedteken i kommunestyret 20.06.19). Målet er å redusere bestanden ved å skyta til saman 1030 dyr i planperioden på tre år. Felte dyr i vald som ikkje er med i bestanden kjem i tillegg.

Valda som er med i områdebestandsplanen (med 86 % av alt teljande areal i kommunen) har felt 385 dyr, medan resten av valda har felt 48 dyr. Fullstendig oversikt over fellinga i kvart enkelt vald ligg ved.

Det at ein klarar å halda oppe eit høgt uttak skuldast stor innsats frå jegerane, men tyder også på at bestanden toler det høge jakttrykket. Dersom bestanden hadde vore kraftig redusert ville det vorte vanskeleg å felle så mange hjort. Konklusjonen kan vera at det var klokt å leggja opp til eit høgare uttak i denne planperioden enn i åra 2016-18.

RecuBczL 80AAAAABJRU 5ErkJggg==

Med 485 tildelte løyver vart det heile 90% felling. Dette er svært høgt og fører til at ein også får god kontroll på avskytinga med tanke på alder og kjønn på dei felte dyra:

tb 5yfR 5eWERJdn 0mSIHOi 6A 5CTFCPZwGwD 8hkzC 9nFdVhIdHk 5EYkuHOjbJgMYt 75iIBuQDcgGZAP 3yQakKbymgBQ 7eT 2mEBEQAREQAREQAREQgUsT P 9m 8oFFAOXyOAAAAABJRU 5ErkJggg==

Vedteken avskytingsplan viser i dei gule rutene. Målet er å ta ut 60% kalv- og ungdyr, 40% produksjonsdyr, samt lik fordeling mellom kjønna.

Det er såleis skote noko meir hannkalv og noko færre eldre koller enn yngst (blå bakgrunn) men resultatet er totalt sett svært bra.

Tal felte hjort og fellingsprosent

Tips ein ven  Skriv ut