kommunevaapen2020

Revidering av ruspolitisk handlingsplan 2016 – 2020

Vik kommune skal revidera ruspolitisk handlingsplan 2016 – 2020. Den nye planen gjeld for perioden 2020 – 2024

Ruspolitisk handlingsplan skal vera ein heilskapleg handlingsplan, med tiltak som er forankra i oppdatert kunnskap, vedtekne mål og retningsliner for rusfeltet. Planen inneheld og alkoholpolitiske retningsliner. Ruspolitisk handlingsplan har status som tematisk handlingsplan i kommunen sitt plansystem. Høyringsinstansar og partar vert varsla med eige brev. Plandokumentet vert lagt ut i papirformat på kommunehuset i Vik, og er elles tilgjengeleg på Vik kommune si heimeside.
 
Merknader må sendast til Vik kommune enten på e-post: postmottak@vik.kommune.no, eller som brev til Vik kommune, boks 134, 6891 Vik i Sogn. Frist for merknad er tysdag 31.mars 2020.
 

Tips ein ven  Skriv ut