Du er her: Heim Helse Rusavhengig

Rusavhengig

Helsedirektoratet har bestemt at alle kommunane i landet skal ha ordningar som gir brukarutstyr for injeksjon gratis og enkelt tilgjengelig for alle injiserande stoffmisbrukarar som bur eller oppheld seg midlertidig i kommunen.

SMITTEFØREBYGGANDE TILTAK

Den beste måten å redusere infeksjoner er å slutte med eller redusere bruken av narkotika. Dette er ikkje alltid realistisk. Difor litt informasjon om korleis du kan redusere risikoen for infeksjoner ved misbruk av narkotiske stoff:

  • Bruk alltid reine sprøyter kvar gang du injiserer.
  • Del aldri sprøyter og anna brukerutstyr (kokekar, vatn, filter og bomullsdotter) med andre.
  • Dersom du likevel brukar sprøyter fleire gonger eller deler med andre, reingjer sprøyte og spissar kvar gang ved å:
    • Skylje sprøyte og spissar med reint vatn for å fjerne blodrestar og deretter koke dei i 10 minutt.
    • Reinse sprøyter og spisser ved å la dei ligge i vanleg husholdningsklorin i 30 sekund, og deretter skylje sprøytene og spissane med reint vatn for å fjerne klorinet.
    • Skylje sprøyte og spissar med reint vatn for å fjerne blodrestar.
  • Sikre bedre injeksjonspraksis ved å:
    • Vaske hendene godt før og etter injeksjon.
    • Dersom mogeleg, kok det narkotiske stoffet.
    • Vaske huda med alkoholbasert desinfeksjonsmiddel.
    • Unngå å injisere på halsen og i lysken.
    • Unngå å injisere intramuskulært eller subkutant.
  • Bruk skadereduserande helsetiltak dersom desse er tilgjengelig som til dømes:
    • Sprøyteutdeling og sprøyteinnbytteordningar.
    • Legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
    • Sprøyterom.
    • Reinsing av brukerutstyr med klorin bl.a. i fengsler.
       
  • Forsøk å begrense eller avstå frå bruk av narkotiske midler. Alternativt røyk eller sniff narkotiske stoff istadenfor å injisere dei.
  • Bruk alltid kondom ved tilfeldige sexpartnere.
  • Vær nøye med den personlige hygienen inkludert tannhygiene.

VAKSINERING og DIAGNOSTISERING

*Me tilbyr gratis undersøking med tanke på diagnostisering av Hepatitt B og C, og HIV. Dette vert utført ved ein blodprøve, samt evt samtale med ein lege.
*Dersom ein ynskjer det kan ein få gratis Hepatitt B vaksine- dersom ein ikkje er smitta.
*Alle som er HIV og/eller Hepatitt C positive skal tilbydast gratis henvising til behandling.

UTSTYR I BRUKARUTSTYRPAKNINGANE

*Sprøyter
*Nåler
*Kokekar og filter
*Røykefolie
*Askorbinsyre

Informasjon til kommunane om nødvendig smittevernhjelp (pdf)

Brukarutstyr er tilgjengeleg på Vik legekontor-Helsetunet adr.: Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn.

Me har ope frå kl  08.00-15.00  i tida 01.mai-15.sept., og kl 08.00-08.45 i tida 16.sept.-30.april.

Etter opningstid er telefonnummeret 116 117  spør etter legevaktlegen i Vik, så kan utstyr delast ut.

Innan ordinær opningstid kan legevakta hjelpe deg via dette telefon-nummeret: 576 98 700.
 

Vik Legekontor 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar