miljøstasjonen i Vik

Ryddedugnad i heile kommunen 3. og 4. mai

I samband med ryddedugnad 3. og 4. mai, vil det vera aktivitet ved alle skulane i kommunen.

I grendene våre er ryddedagen 3. mai, medan i Flatbygdi er datoen 4. mai.

Teknisk eining vil henta inn det som vert samla saman på felles plassar ved skulane, og det er ynskjeleg at mest mogeleg vert samla her. Dersom nokon samlar saman noko andre stadar, er det fint om kommunen får beskjed på telefon: 415 94 443

Bos som vert samla inn i Vik sentrum skal leverast til Simas mottaket på vanleg måte.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut