Salsløyve for alkohol

Generelt

Tenesteomtale

Salsløyve er eit løyve til å selje alkohol frå butikk. Du kan få løyve for fire år om gongen.
 
Innanfor ein løyveperiode kan det skje endringar i drifta eller administrasjonen av verksemda di. Slike endringar må meldast til kommunen, då det kan gjere at du treng eit nytt løyve.
 
Ved eigarskifte må det søkjast nytt løyve så snart som mogeleg og seinast innan 30 dagar etter overføringa.
 

Kriterium/vilkår

Kven kan søkje?
Du må vere ei verksemd som skal drive sal av alkoholhaldig drikk som skal drikkast utanfor salsstaden. Bensinstasjon eller kiosk kan ikkje få salsbevilling.
 
Kva slags alkohol?
Salsløyvet gjeld alkoholhaldig drikk gruppe 1, det vil seie drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol.
 
Krav til deg som søkjer
Både du som søkjer og andre som har vesentleg påverknad på verksemda må vise til uklanderleg vandel når det kjem til alkohollova, anna lovverk som har samanheng med alkohollova sitt formål, samt skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga.
 
For kvart løyve skal verksemda ha ein styrar og ein avløysar. Begge desse må vere over 20 år og ha bestått kunnskapsprøven.
 
Berre personar som har eit dagleg ansvar for salet kan veljast som styrar. Ein styrar har som oppgåve å sjå til at salet av alkoholhaldig drikke skjer etter reglane. Styraren og avløysar skal vere kontaktpersonane til kontrollfullmakta.

Pris for tenesta


Salsløyve for alkohol - pris
aaa

Sjå spesielt
Alkohollova §§ 1-3, 1-6, 1-7, 1-7a, 1-7b og 1-7c.

Lover

Alkoholloven

Forskrifter

Alkoholforskriften
___

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du må søkje på skjema frå kommunen. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.

Skjema

Salsløyve for alkohol

Vedlegg

  • Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
  • Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve om alkohollova
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
  • Eventuell skatteattest

Sakshandsaming

Når kommunen har fått søknaden, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyvet blir gjeve etter skjønn. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein kan tenkje seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Sakshandsamingstid

Behandlingstida i kommunen er rekna ut til om lag tre månader.

Høve til å klaga

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2020-03-02 08:27

Sjølvbetening

Tenesteomtalar