Same telefonnummer til legevakt i heile landet

Frå 1. september 2015 er det lettare å hugse telefonnummeret til legevakta. Då kan du ringja det sekssifra  telefonnummeret 116 117 for å koma til legevakta  same kvar i Noreg du oppheld deg.

Du treng  ikkje lenger vita kva legevakt du høyrer til. Same kvar i landet du er, kan du ringja 116117 for å komme til legevakta. Dette er særleg nyttig hvis du er på ferie eller reise. 

Legevakta skal hjelpa deg når fastlegen ikkje er tilgjengeleg.

Kontakt mot helsevesenet har tre nivå i Norge:

  1. Fastlegen er din hovedkontakt
  2. Legevakta skal hjelpa når fastlegen ikkje er tilgjengeleg 
  3. Hvis det er akutt og står om liv, skal du ringja 113.

Legevakt skal tilby hjelp til det som ikkje kan venta når fastlegekontoret ditt er stengt. Legevakta skal og hjelpa deg når du ikkje er i nærleiken  av fastlegen din, for eksempel på ferie eller reise. 

Dei gamle «lokale» nummera  til legevakta har fortsatt ein funksjon og vil fortsatt virka: 
Nokon gonger har ein behov for å komme i kontakt med legevakta ein annan  stad i landet enn der ein sjølv oppheld seg, for eksempel hvis ein må ringja for eit familiemedlem. Difor har alle legevaktene eit eige nummer dei også kan kontaktast på.  Det lokale nummeret til legevakta finn du på kommunane sine nettsider eller nummeropplysningstenester.

Når du treng legehjelp: Kven skal du ring​ja? 
Gjeld Vik Kommune

  • Fastlegen din i åpningstida:   Tlf: 576 98 700- (f.eks v/fornying av reseptar, timebestilling som ikkje hastar, beskjedar til legen o.l)
  • Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa  ikkje kan venta. (Vik Legevakt sitt lokale nr er som tidlegare 576 98 702, og ein kjem då direkte til Sogn Legevakt i Lærdal)
  • 113 når det er akutt og står om liv 

OBS! Dersom ein ringjer 116117 frå Vangsnes med mobil- kan ein koma til Førde Legevakt i staden for Sogn Legevakt. Dette har med geografi og basestasjonar i mobilnettet å gjera, og kan førebels ikkje gjerast noko med. Førde legevakt vil umiddelbart setja over til Sogn Legevakt, slik at ein når tak i rett legevakt-teneste.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Tenesteomtalar