furukongle

Sanking av furukongler

Det Norske skogfrøverk er tom for furufrø frå vårt område.

2017 er venta å vere eit godt kongleår, slik at det er viktig å sikre seg for nokre år framover.

Det enklaste er å sanke etter ein hogst, og difor ønskjer vi kontakt med skogeigarar som har planlagt hogst i løpet av vinteren. Sankinga må gjerast før vårvarmen sett inn og helst før 1. april. 

Skogforvaltinga ønskjer å ta vare på dei genetiske eigenskapar som furu har tilpassa seg for sitt område gjennom 1000-er av år. Furu er, i motsetnad til grana, svært sårbar for flytting , og då er det viktig at det plantemateriale som blir sett ut på ein hogstflate har mest mogleg lokalt opphav.

Det er nokre ekstra midlar å hente ved å sanke konglar. Ta gjerne kontakt med underteikna så fort som råd for meir informasjon.

Du kan og lese meir om dette på nettsida sjå skogfrøverket ved å følgja link;http://www.skogfroverket.no/side.cfm?Id_kanal=3

Torkjell Dyrdal
Skogrådgjevar Indre Sogn
Tlf: 452 95 790
E-post: torkjell.dyrdal@balestrand.kommune.no

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut