Regionreform

Sei meininga di om Vestlandsregionen

Sogn og Fjordane fylkeskommune legg no «Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland» ut på brei offentleg høyring. 

Sogn og Fjordane kan frå 2020 bli del av Vestlandsregionen, saman med Hordaland og Rogaland. Fylkesordførarane i dei tre fylka underteikna intensjonsplanen i september, og no kan alle – privatpersonar, kommunar, lag, organisasjonar og næringslivet – kome med innspel og synspunkt.

Høyringsfristen er 23. november.

Få meir kjennskap til intensjonsplanen, og korleis du sender inn høyringsinnspel på heimesida til fylkeskommunen

Tips ein ven  Skriv ut