Elvekant

Skjøtsel av kantvegetasjon langs vassdrag

Kva som er rett skjøtsel av kantvegetasjon langs vassdrag og kven som har ansvar for gjennomføring av skjøtselstiltak er avhengig av situasjonen ved vassdraget.

Dreier det seg t.d. om kantsone inntil flaumverk/erosjonssikring skal toppen av flaumverket vere fri for høgare vegetasjon, slik at det alltid er mogleg å komme fram til sikringsanlegget. Tre med rotdiameter over 8-10 cm bør fjernast for å unngå at røttene skadar delar av flaumverket. Anna vegetasjon er det viktig å ta vare på pga. erosjonssikring. Det er den enkelte grunneigar eller grunneigarlag/flomverkslag som har ansvar for å gjennomføre naudsynt skjøtsel. Kommunen har tilsynsansvaret for flaumverk.
 
Når kantsona er i tettbygde strøk, grensar inntil veg, mot skogmark eller mot dyrka mark ser det annleis ut. Generelt skal det i fylgje Vannressursloven § 11 vere eit naturleg vegetasjonsbelte langs alle vassdrag med årssikker vassføring. På landbruksareal der det blir søkt om produksjonstilskot, skal det vere ein naturleg kantsone på minst 2 meter (Forskrift om produksjonstilskudd § 4). Ved nydyrking skal kantsonen vere på minst 6 meter (nydyrkingsforskrift § 6).
 
Fylkesmannen og NVE har produsert to faldarar med samandrag av dei viktigaste reglane for kantsoner langs vassdrag, og informasjon om kven som har ansvar for gjennomføring av eventuelle skjøtselstiltak:

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut