Feios skogsveg tømmerlager

Skogbruk i Vik kommune

Ein forventar ei merkbar utvikling av skogbruket i Vik nærmaste framtid. Dette skuldast staten si satsing på skogreising frå 50-talet og som no snart er hogstklar.

Ei av utfordringane for å oppnå ei god utvikling, er å få fleire skogsbilvegar og betre offentlege vegar. Dette vil auke effektiviteten og redusere kostnaden knytt til transport og betre lønnsemda ved hogst. Fleire skogsvegar fører også til at meir skog vert tilgjengelig, og kostnaden ved seinare inngrep (planting, ungskogpleie m.m.) vert redusert.

Godkjenning av landbruksveg
Nybygging og omygging av landbruksvegar samt etablering av massetak skal ikkje iverksetjast utan skriftleg løyve frå kommunen. Enkle tiltak under 150 meter kan gis fritak frå dette ved forhandsgodkjenning frå kommunen.

Skogsvegbygging er underlagt «forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar» 

Innhald i søknaden:
Søkjer skal gi dei opplysningar som framgår av søknadsskjema fastsett av landbruksdirektoratet. Søknaden skal innehalde liste over berørte partar/naboar, kart som viser planlagde og eksisterande vegar, dekningsområdet til vegen og eventuelle alternative trasear. I tillegg skal kjende miljøverdiar, og områder utsatt for skredfare og eksisterande bygningar eller infrastruktur som kan være rørt av tiltaket visast på kartet. Sjå link til søknadsskjema.

Skjema:

  1. Søknad om bygging av landbruksveg (.pdf)
  2. Søknad om tilskot til vegbygging (.pdf)
  3. Søkad omn tilskot til skogkultur og utbetaling av skogfond (.pdf)
  4. Søknad om tilskot til drift med taubane og hest (.pdf)

Sjå informasjon om tilskot (pdf)
Skogfond og skogbrukslova (pdf)

Om det er noko du lurer på er det berre å ta kontakt på tlf.: 452 95 790 eller min e-post: 


Torkjell Dyrdal
Skogrådgivar Indre Sogn 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut