Du er her: Heim Næringsliv Skogbruk
Tømmerkai

Skogbruk

Mykje skog planta i Vik kommune på 50-60 talet vert no hogstmoden og det er venta større aktivitet med omsyn på hogst i kommunen framover. Interessa for bygging av skogsvegar aukar i samsvar med dette.

Kommunen hjelper til med forvaltningsoppgåver, rådgjeving og rettleiing innan skogbruk.
Døme er

  • planlegging og tilskot til skjøtselstiltak i skog; skogkultur
  • planlegging, godkjenning og tilskot til skogsvegar.
  • utbetallingar frå skogfond

NMSK / skogkultur
Tilskot til Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) gjeld td. tilskot til skogkultur, miljøtiltak, vegar, tynning,drift i vanskeleg terreng samt andre prosjekt. Vedtaksmynde for deler av ordninga ligg hjå Fylkesmannen, men søknad skal gå via kommunen.

Skogsvegar
Kommunen gjev råd ved planlegging av skogsvegar. Det må søkjast byggjeløyve. Søknadsfrist for statleg tilskot til skogsvegar er 15. mars og 15. september

Prosjekt om skogbruket i Feios "Frå ti til ein"
Kystskogprosjektet ”Frå ti til ein”, som skal samordne planlegging av skogsvegar og hogst av ”Borregaardsskogane” i Feios er starta opp i 2009 og skal gå over 5 år. Eit viktig mål er samarbeid mellom dei mange eigedomane for å få auke avverking og inntekt frå skogbruket.

 

Tips ein ven  Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar

Avdelingsinformasjon