Skredbefaring i kommunen vår

Skredfarekartlegging

I perioden 23 april – 27 april skal geologar kartlegge skredfaren i 9 område i Vik kommune.

Kartlegginga er i regi av NVE og er ein del av eit nasjonalt kartleggingsprogram som vart starta i 2013.

For kvart område skal det lagast detaljerte faresonekart som kommunen kan nytte i reguleringsplanar og i handsaming av byggesakar.

skredkart i Vik kommune
skredkart i Vik kommune

Vik sentrum er alt dekka av faresonekart. Dei 9 andre områda som no skal kartleggast er prioriterte av NVE på grunnlag av busetnad og mogeleg skredfare ut frå bl.a. nasjonale aktsemdskart for skred.

Arbeidet i Vik skal utførast av Skred AS og vil omfatte synfaring i terrenget og i nokre område bruk av drone. Om personar i dei aktuelle områda har tips om skredhendingar som har skjedd dei siste åra er

Skred AS svært interessert i tips om dette. De kan då ringe Helge Henriksen (93497550).

Kart i pdf


 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut