Skulefritidsordning

Betaling for Skulefritidsordninga
 

Det vert lagt opp til lik pris på Flatbygdi og Feios. Dette fordi Feios får eigen SFO i år, i gamle barnehagen, og då er det ingen grunn for å ha ulik pris på Flatbygdi og Feios. Det vert gjeve syskenmoderasjon med 25% for 2. barn og 50% for 3. barn. Det eldste barnet vert rekna som nr. 1. Dersom det vert servert måltid og/eller drikke til maten, vert det kravd særskilt for dette. Foreldre/føresette kan kjøpa ekstra timar. Satsane er fritekne for meirverdiavgift.

  • Forskrift til Opplæringslova §1B – 1: Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein sfo – plass. Ordninga gjeld for 1 og 2 klasse.
  • Forskrift til Opplæringslova §1B-3: gratis sfo for elevar i 5 – 7 klasse med særskilde behov.


 

Avgift for skulefritidsordninga
  Avgift 2020 Avgift 2020 Avgift 2021
Opphaldstid Pris pr mnd Flatbygdi Pris pr mnd Vangsnes
Fresvik, Feios og Valsvik
Pris pr mnd Flatbygdi og Feios
6 t.- 10,5 t opphaldstid 1 300,- 1 075,- 1 400,-
11t - 13,5 t opphaldstid 1 775,- 1 540,- 1 875,-
14t - tom 19,5t opphaldstid 2 200,- 1 990,- 2 300,-
Frå 20 t  og oppover  3 045,- 3 045,- 3 145,-
Kjøp av ekstra timar 90,- 90,- 100,-
Kostpengar 90,- 90,- 100,-

 

Sjølvbetening

Tenesteomtalar

Avdelingsinformasjon