Skulehelseteneste

Generelt

Tenesteomtale

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som er skuleelev og under 20 år. Du kan få råd og rettleiing og få utførte helseundersøkingar og vaksinasjonar. Ved behov kan du bli vist vidare til fastlege, tannlege eller spesialist. 
 
Skulehelsetenesta kan gi råd om fysisk, psykisk og seksuell helse, og jobbar for å styrkje skuleelevane si meistring av kvardagen.
 
Skulehelsetenesta kan halde kurs og delta på foreldremøte og kan i nokre tilfelle kome på heimegjesting.
 
Som skuleelev kan du fritt bruke skulehelsetenesta når du treng å snakke med ein vaksen om noko som er vanskeleg. 

Målgruppe

Skulehelsetenesta om fattar barn og ungdom frå 6 – 20 år og samarbeid med deira foreldre/føresette. 

I Vik har vi ikkje vidaregåande skule, elevane frå Vik kan nytta både skulehelsetenesta på skulestaden og i Vik. 

 

 

Kriterium/vilkår

Skulehelsetenesta er ei vidareføring av  helsestasjonstilbodet  i grunnskulen og på vidaregåande skule og  skal medverka til å fremja god helse og trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og førebyggja sjukdom og skade hjå barn og ungdom. Dette inneber  at skulehelsetenesta i samarbeid med heim og skule skal arbeida for å løysa dei helsemessige behov som knyter seg til eleven sin situasjon og  medverka til ein helsefremjande skule med vekt på god helse, trivsel og sikkerheit. Sjå skulehelsetenesta kommunal brosjyre

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

aaa

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-1 og forskrift om helsestasjons- og skulehelsetenesta § 6.

Lover

Helse- og omsorgstjenesteloven
Helsepersonelloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Forskrifter

Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler
___

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Helsesøstrene har kontor på Vik helsestasjon på helsetunet måndag-fredag 08-16 (fram til kl 15 sommarstid).
På Flatbygdi skule har vi kontor/trefftid kvar mandag kl.09-12. På dei andre småskulane vert det opplyst på førehand dei dagane helsesøster besøkjer skulen.

Leiande helsesøster: Inger Lise Fjærestad tlf 576 98711 / mob. 41 46 85 07
Helsesøster: Gunvor Refsdal tlf 576 98711 / mob. 91 74 11 33

 

Høve til å klaga

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva du ønskjer endra. For utfyllande informasjon trykk på lenkja under:
https://helsenorge.no/rettigheter/klageordninger

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2018-07-23 14:46

Tenesteomtalar