Beite Fresvik

SMIL (Spesielle miljøtiltak i jordbruket)

Formålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere ureininga frå jordbruket utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift.

Prioriterte tiltak:
• Tiltak i særleg verdifulle kulturlandskap, t.d. rydding av gamal kulturmark/beite.
• Tiltak for å ta vare på verdifulle bygningar og bygningsmiljø.
• Tiltak som hindrar eller førebyggjer ureining av miljøet gjennom landbruket.
• Tiltak som fremjar biologisk mangfald, t.d. i registrerte verdifulle naturtypar.
• Tiltak som er utgreidd gjennom planleggings og tilretteleggingsprosjekt.

Søknadsfrist er 1. april 2020.

Søknadane må leverast elektroniske via ID-porten/Altinn.

Strategiplanar for bruk av midlane i Vik kommune.

Det er laga framlegg til ny strategiplan for åra 2020 – 2023. Denne er ikkje vedteken enno på grunn av avlysing av politisk møte (Korona). Inntil vidare gjeld planen for 2015-2019, men den nye planen kan bli vedteke før me byrjar handsaming av sakene. Den største skilnaden på gamal plan og framlegget til ny plan er at satsar for kostnadsoverslag er auka. Me rår søkjarane til å nytta dei nye stasane i søknaden, så vil dei ev bli justert ned dersom det ikkje er politisk oppslutnad om ny plan.

Lenkjer:
*Strategi for bruk av tilskot til SMIL-midlar i Vik kommune 2020-2023 (pdf)
*Tiltaksstrategi for bruk av spesielle miljøverkemiddel, Vik kommune 2015 – 2019 (pdf).

Informasjon frå Landbruksdirektoratet

Har du spørsmål, ta kontakt med Veronika Seim Bech (rydding av beite og slåttemark)
telefon: 90 91 07 09
e-post: veronika.seim.bech@vik.kommune.no

eller Karen Weichert (verneverdige bygningar, kulturminne, andre tiltak)
telefon: 41 44 27 26
e-post: karen.weichert@vik.kommune.no

Tips ein ven  Skriv ut