Beite Fresvik

SMIL (Spesielle miljøtiltak i jordbruket)

Formålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere ureininga frå jordbruket utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift.

Prioriterte tiltak:
• Tiltak i særleg verdifulle kulturlandskap, t.d. rydding av gamal kulturmark/beite.
• Tiltak for å ta vare på verdifulle bygningar og bygningsmiljø.
• Tiltak som hindrar eller førebyggjer ureining av miljøet gjennom landbruket.
• Tiltak som fremjar biologisk mangfald, t.d. i registrerte verdifulle naturtypar.
• Tiltak som er utgreidd gjennom planleggings og tilretteleggingsprosjekt.

Søknadsfrist er 1. april 2021.

Søknadane må leverast elektroniske via ID-porten/Altinn.

Strategiplan for bruk av midlane i Vik kommune:
Strategi for bruk av tilskot til SMIL-midlar i Vik kommune 2020-2023 (pdf)

Informasjon frå Landbruksdirektoratet

Har du spørsmål, ta kontakt med Veronika Seim Bech (rydding av beite og slåttemark)
telefon: 90 91 07 09
e-post: veronika.seim.bech@vik.kommune.no

eller Karen Weichert (verneverdige bygningar, kulturminne, andre tiltak)
telefon: 41 44 27 26
e-post: karen.weichert@vik.kommune.no

Tips ein ven  Skriv ut