Lam på Grønsberg

Søknad om produksjons- og avløysartilskot 2016

Søknadsfristen er 20. januar 2016.

Me gjer merksam på endra krav til retting i søknad om produksjonstilskot. Landbruksdirektoratet presiserte i haust korleis retting i søknader skal praktiserast. Dersom søkjar oppdagar at det er ført opp for få dyr eller for lite areal på søknaden og vil rette dette etter søknadsfristen, vert det å rekne som ein ny søknad. Det vil seie at du vert trekt kr 1 000,- per dag frå søknadsfristen og fram til dei nye opplysningane er registrert. Det kan ikkje førast på meir dyr/areal når det har gått ein månad etter søknadsfristen.

Det løner seg difor å starte med søknaden tidleg og vere nøyaktig. Ta kontakt med Landbrukskontoret så tidleg som råd om du har spørsmål. Gjerne første veka i januar.

Du kan lese meir på Fylkesmannen si heimeside her.

Landbruksdirektoratet har meir informasjon om produksjonstilskot og avløysartilskot her, under fana produksjon og marked.

Frist for A-melding til skatteetaten 5. januar 2016.

Skatteetaten har meir om A-meldinga, som du kan finne her. Frist for rapportering til skatteetaten er 5. januar. Denne rapporteringa og innbetalinga må vere på plass innnan fristen for å søkje om avløysartilskot, 20. januar 2016.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Tenesteomtalar