Tiltak

Søknader om SMIL-midlar og dreneringstilskot

Formålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere ureininga frå jordbruket utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift.

Søknader om SMIL-midlar og dreneringstilskot
 
Formålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere ureininga frå jordbruket utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift.

Døme på tiltak som ein kan få tilskot til er

  • rydding og inngjerding av gamal kulturmark til beite
  • slått av verdifulle område (av omsyn til biologisk mangfald) som ikkje eignar seg for dagens landbruksmaskiner
  • istandsetjing av verneverdige bygningar
  • skjøtsel eller istandsetjing av kulturminne (t.d. steingjerder)
  • istandsetjings- og restaureringsplanar
  • rydding av stiar

Søknadsfrist er 1. april 2018.

Ein søkjer ved bruk av skjemaet SLF-430. Søknaden sendast til kommunen. 

Du kan lesa meir og finna søknadsskjemaet her.

Du kan gå rett til søknadssida hjå landbrusdirektoratet her.

Har du spørsmål om søknaden, ta kontakt med Veronika Seim Bech (rydding av beite og slåttemark) telefon 909 10 709, Veronika.Seim.Bech@vik.kommune.no, eller Karen Weichert (verneverdige bygningar, kulturminne og sti-rydding) telefon 905 34 102, karen.weichert@vik.kommune.no.

Ein kan også søkje om tilskot til drenering. Satsane er dobla slik at tilskot til systematisk grøfting utgjer kr. 2000 pr. daa og 30 kr pr. løpemeter for anna grøfting. God drenering er viktig for produksjonen  i eit endra klima med meir nedbør. Vidare reduserer det utslepp av lystgass og faren for erosjon, noko som også fører til vasskvalitet og vassmiljø i elvane.

Søk om dreneringstilskot ved bruk av skjema LDIR-443 som du finn her.

Søknader handsamast fortløpande.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut