Tiltak

Søknader om SMIL-midlar og dreneringstilskot

Frå i år må søknadar for begge tilskotsordningar leverast elektroniske via ID-porten/Altinn.
 

SMIL (Spesielle miljøtiltak i jordbruket)

Formålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere ureininga frå jordbruket utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift.

Døme på tiltak som ein kan få tilskot til er

  • Rydding og inngjerding av gamal kulturmark til beite
  • Slått av verdifulle område (av omsyn til biologisk mangfald) som ikkje eignar seg for dagens landbruksmaskiner
  • Istandsetjing av verneverdige bygningar
  • Skjøtsel eller istandsetjing av kulturminne (t.d. steingjerder)
  • Istandsetjings- og restaureringsplanar
  • Rydding av stiar

Søknadsfrist er 1. april 2019.

Nyttige lenkjer:

Tenesteomtale for spesielle miljøtiltak i jordbruket
Informasjon - landbruksdirektoratet sine sider om korleis ein søkjer

Har du spørsmål, ta kontakt med Veronika Seim Bech (rydding av beite og slåttemark) 
telefon: 90 91 07 09, e-post: veronika.seim.bech@vik.kommune.no

Eller Karen Weichert (verneverdige bygningar, kulturminne og sti-rydding)
telefon: 41 44 27 26 e-post: karen.weichert@vik.kommune.no


Tilskot til drenering

God drenering er viktig for produksjonen  i eit endra klima med meir nedbør. Vidare reduserer det utslepp av lystgass og faren for erosjon, noko som også fører til vasskvalitet og vassmiljø i elvane.

Nyttige lenkjer:
Tenesteomtale tilskot til drenering-søknad
Informasjon - landbruksdirektoratet sine sider om korleis ein søkjer

Søknadar om tilskot til drenering kan sendast heile året og handsamast fortløpande. Tilskot til systematisk grøfting utgjer kr. 2000 pr. daa og 30 kr pr. løpemeter for anna grøfting.

For spørsmål om drenering, kontakt Karen Weichert 
                                                          telefon 41 44 27 26
                                                          e-post: karen.weichert@vik.kommune.no


 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut