Kartutsnitt

Sognenett AS skal byggja fiber til dalane i Vik

Vik kommune har skrive kontrakt med Sognenett AS om bygging av fiber til alle innbyggjarane i Seljadalen, Ovrisdalen og Bødalen.

Kartutsnitt
Kartutsnitt over utbyggingsområdet

Vik kommune fekk hausten 2018 2,7 millionar kroner i statleg og fylkeskommunalt tilskot til høgkapasitet breiband i Seljadalen, Ovrisdalen og Bødalen. I tillegg har kommunestyret i Vik løyvd inntil 2 millionar kroner til prosjektet. I anbodskonkurransen for kontrakten på å byggja og eiga anlegget, hadde Sognenett AS det beste tilbodet, og Sognenett skal til hausten i gang med å byggja fiber til alle husstandar, fritidsbustadar, offentlege bygg og næringsdrivande i dekningsområdet. I tillegg til lynrask internett-tilgang, vil kundane få tilbod om TV frå Get

Det nye anlegget skal stå ferdig innan 31.10.2020, og Sognenett vil starta sal av abonnement rett etter sommarferien. Dersom du har spørsmål om tilbodet, er Sognenett tilgjengeleg på telefon 9519 2222 og sal@sognenett.no. Interesse kan også registrerast ved å nytte kontaktskjema som du finn her.

Du kan følgja framdrifta for prosjektet på prosjektsida til Sognenett her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut