Microtrenching Vangsnes

Sognenett utvidar breibands-tilbodet på Vangsnes

I september 2015 var FTH-anlegget (Fiber Til Heimen) på indre deler av Vangsnes ferdig. I samarbeid med Vik kommune utvidar Sognenett no tilbodet på Vangsnes til også å dekka Vangsnes sør, frå Veslehagen til Gotevik.

Sognenett startar i veke 16/17 utviding av anlegget, og interesserte kan ta kontakt med Sognenett AS for meir informasjon og tinging av abonnement. Sognenett arbeider også med utviding av dekningsområdet i Vik sentrum, og eventuelle spørsmål rundt dette kan rettast til Sognenett.

Når det gjeld status for breibandsutbygging i resten av kommunen, er Telenor i ferd med å byggja FTH-anlegg til alle innbyggjarane i Feios. Kommunen har også starta arbeidet med planlegging av tilsvarande anlegg i Fresvik. I mai vil  me søkja om statleg tilskot for utbygging i Arnafjord. Alle dei nemnte tiltaka er i høve prioriteringar gjort av kommunestyret våren 2013 og vidare i arbeidet med økonomiplanen for 2016 - 2019.

Me arbeidar også intensivt med ein IKT-strategiplan som mellom anna skal seia noko om vidare utbygging av høgkapasitets breiband og mobilkommunikasjon i kommunen. Me legg opp til ambisiøse mål om tilfredsstillande dekning til alle fastbuande innan 2020. Me har som mål at denne planen skal vera ferdig handsama av kommunestyret før sommaren.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut