Plakat blank

Sommarles 2019

Sommarles vert i år arrangert for 9. gang på rad. I år kjem kampanjen i ny digital drakt, med digitale trofé på kvar deltakar sin nettprofil. I tillegg vankar det tradisjonelle, fysiske premiar til dei leselystne.

Sommarles blir i år sparka i gang allereie onsdag 29. mai, med eit direktesendt show som vi strøymer via YouTube. I fjor deltok 195 elevar frå Vik kommune. Vi var på fylkestoppen med 86,7 % oppslutnad. Tenk om vi hadde klart like stor deltaking i år. Vi håpar derfor de vil sette av ein halv time til å la barna følge det direktesende showet, onsdag 29. mai, kl. 10.30-11.00! ​Livesendinga strøymer vi på ​Vestfold fylkeskommunes YouTube-kanal​. Alt de treng er nett-tilgang og lyd. I studio får vi blant anna besøk av forfattarane Mari Moen Holsve og Jørn Lier Horst, det blir intervju og visning av Sommarlesfilmen for i år. Vi har også nokre artige overraskingar på lur! Gå inn på sommarles.no for å sjå showet live. Showet vil også vere tilgjengeleg i opptak etter live-sendinga.

Alle elevane frå 1.  – 7. klasse i Vik kommune får med seg info om sommarles heim. 

Sommarles.no gjer det ekstra morosamt å lese.

  • Sommarles finn du på https://sommarles.no/  
  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar lesne side. Var du med på sommarles i fjor, kan du bruke same profil (brukarnamn og passord) som i fjor.
  • Alle elevar i 1. til 7. klasse kan delta (inkl. dei som skal begynne i 1. klasse til hausten og dei som går ut 7. klasse ved kampanjestart).
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og ein får løyse oppgåver knytte til forteljinga. 
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket! 
  • Du kan følgje med på kva vennene dine les i sommar.
  • Sommarles er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS. 
  • Sommarles sine samarbeidspartnarar i 2019 er foreningen les!, Leser søker bok; Møreforsking, NLB og Norsk forfattersentrum. 
  • Sommarles varer frå 1. juni til 31. august
  • Torsdag, 5. september kl. 1800 vert det sommarles-fest for alle som har delteke på sommarles. På festen vert det trekning av flotte premiar og servering av bollar og brus. Dessutan får vi eit overraskingsbesøk, som du ikkje vil gå glipp av.

Lag din eigen profil på Sommarles.no (eller bruk same profil som i fjor) og les så mykje du orkar i løpet av sommarferien (når du opprettar profilen din, må du oppgi lånenummer null). 

Les bøker, få kule premiar, løys oppgåvar og les sommarlesforteljinga til Mari Moen Holsve! 

For sommarlesforteljinga treng du kodeord:

  • Kodeord for kapittel 1: NORDLYSET
  • Kodeord for kapittel 2: NOAIDE
  • Kodeord for kapittel 3: REINSDYR
  • Kodeord for kapittel 4: MOBIL
  • Kodeord for kapittel 5: KUNNSKAP
  • Kodeord for kapittel 6: HELIKOPTER
  • Kodeord for kapittel 7: HUNDESPANN
  • Kodeord for kapittel 8: KOMSEKULE
  • Kodeord for kapittel 9: RAMN
  • Kodeord for kapittel 10: KLIMAFORSKAR
  • Kodeord for kapittel 11: NORDKAPP
  • Kodeord for kapittel 12: GLOBUS

Treng du hjelp eller meir informasjon, ta kontakt med biblioteket ditt!

GOD SOMMAR MED SOMMARLES 2019!

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut