Sommarles20

Sommarles 2020

I år feirar me 10 års jubileum i kommunen på sommarles med ekstra flotte premiar. Kampanjen kjem i ny digital drakt, med digitale trofé på kvar deltakar sin nettprofil. I tillegg vankar det tradisjonelle, fysiske premiar til dei leselystne.

Alle elevar i 1. til 7. klasse i Vik kommune får med seg info om sommarles heim.

Sommarles.no gjer det gøy å lese!

  • Sommarles finn du på https://sommarles.no/
  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar lesne side. Var du med på sommarles i fjor, kan du bruke same profil (brukarnamn og passord) som i fjor.
  • Alle elevar i 1. til 7. klasse kan delta (inkl. dei som skal begynne i 1. klasse til hausten og dei som går ut 7. klasse ved kampanjestart).
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og ein får løyse oppgåver knytte til forteljinga. 
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket! 
  • Du kan følgje med på kva vennene dine les i sommar.
  • Sommarles er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek og firmaet Snuti AS. 
  • Sommarles varer frå 1. juni til 31. august
  • Kvart år avsluttar me sommarles med stor sommarles-fest i Blixhalli. I år veit me ikkje om det vert mogleg p.g.a. koronarestriksjonar, men uansett så vert det trekning av mange flotte premiar. 

Lag din eigen profil på Sommarles.no (eller bruk same profil som i fjor) og les så mykje du orkar i løpet av sommarferien (når du opprettar profilen din, må du oppgi lånenummer null). 

Les bøker, få kule premiar, løys oppgåvar og les sommarlesforteljinga til Mari Moen Holsve! 

For sommarlesforteljinga treng du kodeord:

  • Kodeord for kapittel 1: ABALONESKJELL
  • Kodeord for kapittel 2: KORALLREV
  • Kodeord for kapittel 3: PARISERHJUL
  • Kodeord for kapittel 4: MÅKE
  • Kodeord for kapittel 5: STORKJEFT
  • Kodeord for kapittel 6: LØVEBYEN
  • Kodeord for kapittel 7: BERMUDATRIANGELET
  • Kodeord for kapittel 8: LAVA
  • Kodeord for kapittel 9: SKIPSVRAK
  • Kodeord for kapittel 10:BADEAND
  • Kodeord for kapittel 11: AKERØYA
  • Kodeord for kapittel 12: AMFITRITE

Treng du hjelp eller meir informasjon, ta kontakt med biblioteket ditt!

GOD SOMMAR MED SOMMARLES 2020!

Tips ein ven  Skriv ut