Sommarles

Sommarles fest for åttande år på rad

Biblioteka i kommunen arrangerte i går kveld sommarles-fest i Blixhalli for 8. år på rad. Årets utgåve var heilt digital, noko som vart ein stor suksess.

Askeladden Friteater
Askeladden friteater
Sommarles
Vinnar av hovudpremien saman med ordføraren, oppvekstsjefen og biblioteksjefen

Mange leselystne og spente born møtte fram til kampanje-avslutninga, og i alt 195 elevar var med i trekninga av mange flotte premiar. Biblioteka i Vik kommune er på topp i fylket med 86,7 % oppslutning.

Festen vart starta med Askeladden friteater med førestillinga "jeg fant, jeg fant". Askeladden er glad i å ferdas rundt på leiting etter ting, eller på veg til Kongsgården for å målbinda prinsessa. Det er noko alle som kjenner Asbjørnsen og Moe eventyret veit. Når Askeladden også møter trollet på Hedalsskogen, dei tre bukkane Bruse, og kjerringa som satt fast nesa i stubben på ferda si – ja, då vert det eventyrleg spanande og morosamt.

Den heldige vinnaren av hovudpremien, ein iPad air sponsa av Sognekraft, vart Hilma Vangsnes.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut