Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Generelt

Tenesteomtale

Du kan søkje kommunen om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Føremålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift. 

Tilskot kan gå til
  • prosjektplanlegging
  • tiltak som varetek natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet
  • tiltak som hjelper til å hindre eller redusere forureining.

Målgruppe

Føretak eller eigarar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom. Landbrukseigedommar som er eigde og blir drivne av stat, fylke eller kommune fell utanfor ordninga, med mindre tiltaket er eit fellestiltak der ein eller fleire landbrukseigedommar som har krav på tilskott, er med.

Kriterium/vilkår

Landbrukseigedomen må ha ein produksjon som er godkjent for tilskot.

  • Vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot (§§ 2, 3 eller 4) må vere oppfylt.
  • Vilkåra i forskrift om gjødselsplanlegging må vere oppfylt.
  • Det skal førast journal over plantevernmiddel som blir brukt.
  • Det må leggjast fram eit kart over dei disponible areala for jordbruk, men også areal med kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald eller miljøvern.
aaa

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Søknader skal sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn.
Her er ein liten film som viser korleis du fyller inn det elektroniske skjemaet: Instruksjonsfilm for søkjar.
Alle brev som gjeld søknaden vil bli send til innboksen din i Altinn.

Skjema

Søknad SMIL

Vedlegg

Kommunen har ein fleirårig tiltaksstrategi for prioritering av SMIL-midlane. I strategien står det også mykje nyttig om korleis søknaden bør utformast og kva ein bør sende med som vedlegg: 

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. april.  Denne vert kunngjort i lokalavis og på kommunen sine nettsider.

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2019-03-07 15:31

Sjølvbetening

Tenesteomtalar