Microtrenching Vangsnes

Status for høgkapasitet breiband til innbyggjarane i Vik kommune

Kommunen har sidan 2012 jobba intensivt for å byggja høgkapasitet breiband til alle grendalaga i kommunen, og i november kom den endelege avgjerda om statleg tilskot på 2,7 millionar kroner til prosjektet for Seljadalen, Ovrisdalen og Bødalen.

Kartutsnitt
Kartutsnitt for prosjektområdet Seljadalen, Ovrisdalen og Bødalen

Dette betyr at alle innbyggjarane i dalane i hovudsoknet kan sjå fram mot nytt høgkapasitet breiband, seinast på seinsommaren 2020 dersom alt går som planlagt. Kontrakten for utbygging av anlegget vart lyst ut på offentleg anbod 22. januar med anbodsfrist 15. mars 2019. 

 

Status for prosjektet i Arnafjord

Anlegget i Arnafjord skulle etter planen vera i drift seinast innan 31.12.2018. Telenor, som har kontrakten for dette anlegget, har dessverre meldt om lag ein månad forseinking i høve fristen. Forseinkinga skuldast omfattande behov for skogrydding.

 

Status for Vik sentrum

Her har både Sognenett og Telenor tilbod i enkelte område. Vik sentrum er rekna for å vera kommersielt lønnsamt å byggja ut, og her har det eksistert konkrete planar frå utbyggjarane. Grunna nemnte tilhøve, fell dessverre Vik sentrum utanfor den statlege tilskotsordninga. Bygginga av anlegget i dalane i Vik, vil kunna føra til at fleire område i Vik sentrum får tilbod, men dette vert ikkje avklara før anbodsrunden er avslutta.

 

Anlegg som alt er i drift:

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut