Kartutsnitt

Status for Sognenett sitt arbeid med bygging av breiband i Vik

Sognenett har ingått avtale med Vik kommune om å byggja høgkapasitet breiband til Seljadalen, Ovrisdalen og Bødalen. I tillegg er Sognenett i gang med utbygging på Tenold. 

Kommunen har motteke følgjande statusoppdatering frå Sognenett:

Tenold FTH (Fiber til heimen):
Det er Scanmatic Elektro som er vald som entreprenør på dette utbyggingsprosjektet.
Sognenett/Sognekraft gjennomførte oppstartsmøte denne veka og entreprenøren har starta graving av fibertrasear.

Anleggperioden for heile prosjektet går fram til juni 2020. Då vil alle kundar som har tinga fått fiber.
 
Dei som enno ikkje har tinga bør snarast ta kontakt med Sognenett tlf: 951 92 222  eller sal@sognenett.no 

Dalane FTH:
Dette prosjektet gjeld utbygging av Dalane i Vik og er eit samarbeid med Vik kommune som støttar utbygginga med m.a. kommunale midlar. Det er OneCo ( tidlegare Relacom S.og fj.)  som er entreprenør på dette utbyggingsprosjektet.

OneCo har starta med å synfare grøftetrasear, og dei vil starte graving før jul og grave det som er mogeleg, men det er sjølvsagt veravhengig. Gjenståande graving vert teke til våren/ sumaren.
 
Heile prosjektet skal vere ferdig hausten 2020.
 
Dei som enno ikkje har tinga bør snarast ta kontakt med Sognenett tlf: 951 92 222  eller sal@sognenett.no

Felles for begge prosjekta:
I begge prosjekta følgjer fiberen same trase som straumkablane. Det er då slik at dei som får straumkabelen i luftkabel, får også fiber i luftstrekk, dei som har jordkabel på straumen får også fiber i røyr i jorda, og her må kunden sjølv grave frå tomtegrensa og fram til huset. Røyr får de hjå entreprenøren.
 
Alle som har tinga får informasjon tilsendt om kontaktperson hjå entreprenør.

Du kan lesa meir om Sognenett på heimesida deira.

Tips ein ven  Skriv ut