Microtrenching

Status for utbygging av høgkapasitet breiband

Utbygginga i kommune følgjer vedtak frå Vik kommunestyre. Siste vedtak var IKT strategiplan 3.6.2016

Prioriteringa i planen legg mellom anna opp til å utnytta potensiale i statlege tilskotsordningar.

I Vik sentrum, deler av Bødalen og austlege område til og med Stadheim/Neipe, er det alt tilbod om VDSL frå Telenor. Dette gjer at me ikkje har høve å søkja om statleg tilskot til utbygging i desse områda. Me vonar at og desse områda snarleg vil få betra tilbod via kommersiell utbygging, og som følgje av utbygging i tilgrensande tilskotsområde i dalane, jamfør kunngjering her.

Status i dei ulike sokna:

  • Vangsnes: Ferdig utbygd med fiber-tilbod til alle. Leverandør er Sognenett.
  • Feios: Ferdig utbygd med fiber-tilbod til alle. Leverandør er Telenor.
  • Fresvik: Avtale om fiber til alle til og med Grønli er inngått med Telenor. Truleg driftsstart innan sommaren 2018.
  • Arnafjord: Kommunen har motteke tilsegn om statleg tilskot, og er i forhandlingar med mogelege utbyggjarar.
  • Seljadalen, Ovrisdalen og Bødalen: Kommunen søkjer statleg tilskot våren 2017.
  • Vik sentrum: Telenor har tilbod om ADSL/VDSL. I tillegg utvidar Sognenett sitt fibertilbod. Ta eventuelt kontakt med Sognenett for planar der du bur.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut