Telenor

Statusrapport for fiberutbygginga i Feios

Status for utbygginga er i dag at Telenor er nær ferdig med å installera fiber hjå alle som har tinga.  Etter arbeidsdagen i dag står det att berre nokre få kundar som ikkje har fått det nye breibandet på plass.  

79 husstandar har tinga det nye nettet, og ved arbeidsdagens slutt (fredag 14. oktober), vil berre 3 av desse stå att å sluttføra. 

Telenor opplyser at dei i tillegg har fått inn ein del ekstra tingingar, og også desse blir effektuert fortløpande.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut