Vik

STL+ erfaringssamling i Vik

Det er særs gledeleg at årets erfaringssamling er i STL+, å skriva seg til lesing med talesyntese, er lagt til Vik kommune torsdag-fredag  21. - 22. april.

I 2015 vart denne samlinga gjennomførd i Oslo. Med stort fokus på lese og leseopplæring og bruk av IKT som hjelpemiddel, har me stor tru på at dette skal verte ei gjevande erfaringssamling . Det er og ei stor glede at Mona Wiklander, ressursperson og «mor « til metoden, kjem frå Sverige og er med oss på erfaringssamlinga. Me håpar og trur på innhaldsrike dagar på Blix hotell i Vik i Sogn.

Program og meir informasjon kan du lesa her.

Skjema for påmelding finn du her.
  
Wibecke Sem-Jacobsen
Ole Jørgen Øygarden

Tips ein ven  Skriv ut