Stølsheimen

Stølsheimen er et fjellområde på grensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland fylker med hovudvekt av området i Vik kommune. Stølsheimen landskapsvernområde er på 373km² og var oppretta i 1990. Stølsheimen er eit vakkert vestlandsk fjell- og fjordlandskap og eit mykje nytta turområde sommar og vinter.

Stølsheimen er avgrensa i nord av Sognefjorden og i sør av Vossafjella. Vestover strekker området seg til Gulen og Masfjorden, mens austover strekkjer det seg til Vikafjellet. Namnet kjem av at det er mange stølar i det frodige området som har vore og er viktig og godt fjellbeite for husdyr. Dei kystnære fjellområda er svært snørike, men nedbørsmengda minkar austover.

Finnafjorden utgjer ein sentral del av Stølsheimen og er den einaste staden der verneområdet går ned til havet. Her fins eit heilskapleg fjordlandskap med både urørt natur og eit verdfullt kulturlandskap.

Kommunen har ein politisk oppnemnd medlem i Fylkesmannen sitt rådgjevande utval for Stølsheimen landskapsvernområde.

Informasjon om Stølsheimen verneområdestyre m.m.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut