Husbanken

Stønadsorndningar frå Husbanken

Husbanken yter fleire stønadsordningar i samband med etablering eller tilrettelegging av bustad. I denne artikkelen finn du ei kort oppsumering av nokre av ordningane og kontaktinformasjon.

Tilrettelegging av bustad


Har du ein bustad som er upraktisk, kan du få gratis rådgjeving for tilpassing av bustad til rørslehemma og/eller eldre. Ta kontakt med ergoterapeut Frøydis Haga, 
tlf. 481 10 399 eller froydis.haga@vik.kommune.no  for meir informasjon om kva bustadrådgjevingsgruppa kan bidra med.

Gjennom bustadrådgjevingsgruppa kan du også få råd om økonomiske verkemiddel gjennom Husbanken:

  • Tilskot til utgreiing og prosjektering
  • Tilskot til tilpassing av bustad

 

Bustadtilskot til etablering

Ved oppføring, kjøp og refinansiering av bustad, er det høve til å søkja om Tilskot til etablering for vanskelegstilte einskildpersonar. Situasjonen må vera av varig karakter. 

 

Startlån

Startlån er for personar  som ikkje får lån til kjøp av bustad i vanleg bank og heller ikkje kan spare. 

Ta kontakt med NAV Vik for meir informasjon om ordningane, tlf. 57 01 61 52, eller Vik kommune , tlf. 57 69 82 00, eller på e-post: nav.vik@nav.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar