Valbanner 2013

Stortings- og sametingsvalet 2017

Valdagen for stortings- og sametingsvalet er måndag 11. september 2017. 

Valdagen er måndag 11. september. Du kan røysta på førehand i alle kommunar i landet, men på valdagen må du røysta i den kommunen du har registrert bustadadresse den 30. juni 2017. Til sametingsvalet er det berre mogeleg å førehandsrøysta, og det er altså ikkje høve å røysta til sametingsvalet på valdagen i Vik kommune.

Du kan førehandsrøysta på kommunehuset i Vik fram til og med fredag 8. september 2017 i kommunehuset si opningstid; kvardagar 0800-1500.

Røystelokale valdaagen er:

  • Arnafjord: Valsvik skule (opningstid: 13.00-19.00)
  • Feios: Feios skule (opningstid: 13.00-19.00)
  • Fresvik: Fresvik ungdomshus (opningstid: 13.00-19.00)
  • Vangsnes: Vangsnes skule (opningstid: 13.00-19.00)
  • Vik: NAV-kontoret (opningstid: 09.00-20.00)

Du kan finna meir informasjon om val på valgportalen her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening