Vallogo

Stortings- og sametingsvalet 2021 – manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn

Du må stå i manntalet dersom du skal kunna røysta ved Stortings- og sametingsvalet 2021. Manntalet for Vik kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn i tida frå og med 2. august og fram til og med valdagen, 13. september 2021. 

Manntalet vert lagt ut på kommunehuset i Vik.

Har du flytta frå ein kommune til ein annan, og meldinga om flytting ikkje er registrert i folkeregisteret innan 30. juni 2021, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velja om du vil røysta på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta i ein annan kommune.

Dersom du står i manntalet for sametingsvalet i Vik kommune, kan du berre førehandsrøysta til sametingsvalet. Førehandsrøystinga blir avslutta 10. september 2021.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene som er lagt ut, eller det er andre feil i listene, kan du klaga til valstyret. Klagen skal vera skriftleg og skal grunngjevast.

Adressa til valstyret er:

Valstyret i Vik, Postboks 134, 6891 Vik i Sogn

Valstyret i Vik

Tips ein ven  Skriv ut