Vallogo

Stortings- og sametingsvalet 2021

Er du sjuk eller i karantene kan du ikkje møta opp i vallokalet, men du kan få røysta på eigna stad etter søknad til kommunen. Her finn du også kontaktinformasjon og opningstider.

Tidleg førehandsrøysting
Dersom du ikkje har høve til å røysta innanfor den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje på valdagen, kan du i perioden 1. juli til og med 9. august, kontakta kommunen på telefon 57 69 82 00 og avtala tid for å røysta. Du treng ikkje valkortet, men ta med legitimasjon!

Ordinær førehandsrøysting
Den 10. august startar den ordinære førehandsrøystinga, og du kan førehandsrøysta fram til fredag 10. september. I Vik kommune er lokale for førehandsrøysting ekspedisjonen i kommunehuset. Opningstidene for røystelokala er: 

  • måndag til fredag: kl 09:00 – 15:00
  • laurdag 4. september: kl 11.00 - 13:00

Ta med valkort og legitimasjon!

Personar i karantene eller isolasjon som følgje av korona-pandemien
Innbyggjarar som er i karantene eller isolasjon må ikkje møta opp i vallokalet, men søkja kommunen om ambulerande førehandsrøysting innan fredag 10.9.21 kl 10.00. Det same gjeld innbyggjarar som har luftvegssymptom eller blir sjuke før dei har fått høve til å røysta.

Personar i isolasjon, kan også søkja kommunen om å få røysta på eigna stad valdagen. Fristen for å søkja om å få røysta på eigna stad valdagen er 13.9.21 kl 10.00. 

Søknad kan sendast sekretariat for valstyret:

Valstyret
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

E-post: postmottak@vik.kommune.no  

Telefon: 57 69 82 00

Ambulerande røysting
Sjuke og uføre, som ikkje kan røysta der det vert halde førehandsrøysting, kan etter søknad få førehandsrøysta der dei oppheld seg. Søknaden må vera komen fram til kommunen seinast 10.9.21 kl 10.00. Søknad kan sendast sekretariat for valstyret:

Valstyret
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

E-post: postmottak@vik.kommune.no  

Telefon: 57 69 82 00

Viktig informasjon særskilt for sametingsvalet
Vik kommune har færre enn 30 manntalsførte i manntalet for sametinget, og dersom du bur i Vik kommune, vert det ikkje høve til å røyste til sametinget på valdagen 13. september. Du som står i manntalet for sametingsvalet, må vende deg til kommunen innan 10. september dersom du ynskjer å røysta til sametingsvalet.

Førehandrøysting på institusjonar
Vik kommune vil også halda førehandsrøysting ein dag i august/september på følgjande institusjonar:

  • Vik bygde- og sjukeheim
  • Vik fengsel

Desse dagane vil bli annonsert i god tid lokalt på kvar institusjon.

Valdagen
Valdagen er 13. september. Du kan røysta på førehand i alle kommunar i landet, men på valdagen må du røysta i den kommunen du har registrert bustadadresse den 30. juni. Du kan berre røysta ein gong. Røystelokale i kommunen er:

Røystelokale og opningstider på valdagen
Krets Røystestad (følg lenka for detaljar) Opningstider
Vik Blixhalli kl. 09.00-20.00
Arnafjord Valsvik skule kl. 13.00-19.00
Vangsnes Vangsnes skule kl. 13.00-19.00
Feios Feios skule kl. 13.00-19.00
Fresvik Fresvik ungdomshus kl. 13.00-19.00

 

Valstyret i Vik

Tips ein ven  Skriv ut

Sjølvbetening