Smittevernfrakk

Sydugnad mot koronasmitte

Helsevesenet treng smittevernutstyr i møte med koronasjuke pasienter. Det vert rapportert om at det kjem sendingar med utstyr frå utlandet, men mykje tyder på at leveransene er usikre. 

Eit par bedrifter i Norge vil produsere smittefrakkar,  men det vil ta tid før volumet er stort nok. Det er særs stort behov for frakkar. Vik kommune, ved frivillighetssentralen vil no organisere sying av smittevern frakkar som kan brukast innan helse og omsorg i kommunen.

Har du dynetrekk eller laken av bomull som du kan gi vekk og som kan syast om? Desse må tole kokvask. Har du symaskin og vil delta i sy-dugnaden?

Ta kontakt med frivillighetssentralen ved Thale Charlotte Halset telefon 905 39 833 eller send e-post til Thale.charlotte.halset@vik.kommune .

Tips ein ven  Skriv ut