Nyhende

Telenor inviterte til informasjonsmøte i Fresvik
Telenor er i ferd med å gjera ferdig fibertilbodet i Fresvik, og har opna for digital tinging av breibands-tenester for første gong i Telenor sin historie.
Telenor presenterte gode tilbod til alle frammøtte i gymsalen på Fresvik skule, og opplyste at innan 28. februar 2018, skal kundane i Fresvik få nyta godt av moderne og lynraske breibandstenester.
I tillegg til å fortelja om gode prisar, kunne Telenor sleppa nyhenda om at kundane i Fresvik er dei første som kan nytta ei ny, digital løysing for tinging av breibandstenester. Mange slo til på det gode tilbodet alt på møtet, og dei som ikkje hadde høve til å tinga med ein gong, kan nytta den digitale løysinga.
Telenor leverer høgkapasitet breiband også til alle i Feios og deler av Vik sentrum.