Tenesteområde
Administrativ leiing
Rådmann er administrativt ansvarleg for heile den kommunale verksemda. Det vil sei at i det daglege er det rådmannen som har ansvaret for drift av alle tenester i kommunen. Med seg i dette arbeidet har rådmannen eit administrativt leiarteam, som har delegerte sektoransvar. Den administrativ leiinga (leiargruppa) består av rådmann, kommunalsjef stabsfunksjonar, kommunalsjef oppvekst, kommunalsjef helse og velferd og kommunalsjef tekniske tenester. I tillegg rapporterer tenesteleiar for plan- og forvaltning og næringssjef direkte til rådmannen.
Rådmannen jobbar ut frå vedtak fatta i kommunen sitt øvste organ (kommunestyret) i dei politiske møta. Det er rådmannen som er einaste formelle kontaktledd mellom administrasjonen og den politiske leiinga (ved ordførar) i det daglege. Delegasjonsreglementet (vedteke i kommunestyret) i kommunen skildrar kva administrasjonen har fullmakt til og kva som skal til politisk handsaming. Rådmannen skal sikre at denne arbeidsfordelinga vert handheva.
Administrativ leiing skal:
- ha strategisk, tverrfagleg og heilskapleg fokus
- sikre at dei kommunale tenestene som vert levert kvar dag er forsvarlege og tilpassa dei økonomiske rammene kommunen har
- sikre at kommunen er ein god arbeidsplass for alle tilsette
- sikre at politiske saker kjem på sakslista og er tilstrekkeleg opplyst før handsaming
- sikre at politiske vedtak vert fylgt opp med handling innan dei fristane som gjeld
- bidra til at kommunen er ein god plass å bu og vekse opp i
Rådmann Øistein Edmund Søvik Oistein.Edmund.Sovik@vik.kommune.no tlf: 948 61 333 |
|
Kommunalsjef stabsfunksjonar Geir Svendsen geir.svendsen@vik.kommune.no tlf: 918 49 773 |
![]() |
Kommunalsjef Helse og velferd Marit Anderssen marit.johanne.andersen@vik.kommune.no tlf: 906 86 227 |
![]() |
Kommunalsjef tekniske tenester
|
![]() |