Omsorgsstønad

Har du eit særleg tyngjande omsorgsarbeid, kan du søkje om omsorgslønn.

Meir om tenesta

Omsorgslønn skal gi deg ein viss økonomisk kompensasjon for det omsorgsarbeidet du utfører. Kommunen avgjer om du får omsorgslønn, og kva nivå lønna skal liggje på.

Kven kan få tenesta?

Innbyggjarar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgslønn, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Du kan søkje på elektronisk skjema ved å følgje denne lenka til skjemaet (innlogging via id-porten). Fordi du sender inn opplysningar om ein annan, må det innhentast fullmakt frå den omsorgstrengjande. Fullmakta finn du på denne lenka (PDF, 130 kB). Fullmakta må skrivast ut og signerast av den omsorgstrengjande. Signert fullmakt kan anten leggjast ved søknaden (skannast inn og lastast opp) eller ettersendast kommunen per post. 

Elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Vilkår for å få tenesta

Du må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellom dei momenta som kan takast med i vurderinga, er

  • om du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen
  • om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid

Sakshandsaming

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande kan klage på avgjerda. Du kan klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kontaktinformasjon

Vik bygde- og sjukeheim
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon sentralbord 57 69 87 50
Telefon avdeling 1 91 56 23 68
Telefon avdeling 2 97 58 30 95
Telefon open omsorg (heimetenestene) 57 69 87 30
Gateadresse Flatbygdi 19, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Besøkstider Me har ikkje lenger fastsett besøkstid, men det er framleis ynskjeleg at ein legg besøk til tida mellom 10:30 og 18:00, då det i liten grad påverkar dagsrytmen til pasienten. Det er ikkje lenger naudsynt med føring av besøksprotokoll.

Aktuelle lenker og dokument

Til toppen