Barselgruppe

Barselgrupper er eit opplysnings- og rettleiingstilbod til nye foreldre.

Meir om tenesta

Helsestasjonen inviterer til det første møtet på helsestasjonen. Seinare må foreldra ta initiativ til vidare samlingar. Her kan de dele erfaringar frå fødsel, barsel- og spedbarnstid, mellom anna

  • amming
  • barnestell
  • kosthald
  • utviklinga til barnet
  • førebygging av ulukker
  • samliv

Helsesjukepleiar kan gje råd og rettleiing dersom de ønskjer det. Borna er sjølvsagt òg med på samlinga.

Helsestasjonsprogrammet har faste konsultasjonar : 

  • Heimebesøk av jordmor  1- 3  dagar etter heimkomst. Heimebesøk av helsesøster innan 10 dagar etter fødsel. Ved behov kan det avtalast fleire heimebesøk.
  • 6 veker, helseus. med lege, vaksinasjon
  • 8 veker, samtale med mor
  • 3 mnd , vaksinasjon
  • 4 mnd  motorisk us av fysioterapeut ( gruppe)
  • 5 mnd , vaksinasjon
  • 6 mnd , helseus med lege
  • 8 mnd   ( gruppe )
  • 10 mnd ( gruppe )
  • 1 år, helseus med lege
  • 15 mnd, vaksinasjon
  • 18 mnd ( gruppe )
  • 2 år, helseus med lege
  • 4 år, helseus med lege
  • 5 år, førskulehelseus med lege og fysioterapeut

Kven kan få tenesta?

Nye foreldre. Helsesøster gir oppfølging til alle sped- og småbarn med foreldre/føresette (ikkje berre nye).

Korleis kan du søkje på tenesta?

Når du har født, blir du kontakta av helsestasjonen, som vil gje deg tilbod om å vere med i barselgruppe. Du kan også sjølv ta kontakt med helsestasjonen på  telefon 57 69 87 11, eller du kan ringje leiande helsesyster Inger Lise Fjærestad på telefon 414 68 507.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Ta kontakt med helsestasjonen på telefon 57 69 87 11.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.​ Sjå utfyllande informasjon på Helsenorge.

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon dagtid 57 69 87 11
Opningstid sommar, 1.5. - 15.9. Måndag - fredag, kl 08.00 - 15.00
Opningstid vinter, 16.9. - 30.4. Måndag - fredag, kl 08.00 - 15.45
Gateadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
E-post postmottak@vik.kommune.no

Aktuelle lenker

Til toppen