Helsestasjon

Helsestasjonen for barn følgjer barnet frå fødsel til skulealder.

Meir om tenesta

På helsestasjonen kan du få hjelp til:

  • Svangerskaps- og barselomsorg, blant anna tilbod om heimegjesting etter fødsel. Helsestasjonen vil også gi råd eller tilby kurs om foreldrerolla og om samliv. Du kan få prevensjonsrettleiing og rekvirering av prevensjonsmiddel.
  • Helseundersøkingar og vaksinasjon for barn frå dei er nyfødde til dei når skulealder.
  • Dersom du har barn med spesielle behov eller som er kronisk sjuke eller funksjonshemma, vil helsestasjonen samarbeide med anna helsepersonell for at barnet skal få det rette tilbodet.
  • Hjelp til god psykisk helse og førebygging av psykiske vanskar.

Helsestasjonen har eit spesielt ansvar for å følgje med på barn og familiar i potensielt vanskelege livssituasjonar og vil sørgje for hjelp og oppfølging både til barn og foreldra deira.

Føremål med helsestasjon er å fremja god helse og trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og førebyggja skade og sjukdom hjå barn og ungdom 0-20 år. Vi ønskjer å bidra til råd og rettleiing, helseopplysning, helseundersøkingar, vaksinasjonar og tverrfagleg samarbeid.

I tillegg til faste konsultasjonar og helseundersøkingar, kan du som forelder/føresett ta kontakt om små og store bekymringar og spørsmål kring barnet ditt.

Kven kan få tenesta?

Gravide, barselkvinner, foreldre til nyfødde, barn i alderen 0-5 år. Barn og ungdomar opp til 20 år tilhøyrer også målgruppa for helsestasjonen, men som oftast gjennom skulehelsetenesta eller helsestasjon for ungdom. 

Vi ynskjer at alle brukarar av helsestasjonen får den tenesta dei har behov for. Tenesta skal også fange opp og bidra til at barn med særlege behov får oppfølging.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Når du har født, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for anten heimebesøk eller oppfølging på helsestasjonen. Du vil få innkalling til vaksinasjonar og regelmessige kontrollar av barnet.

Du kan også kontakte helsestasjonen på  telefon 57 69 87 11.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Ta kontakt med helsestasjonen på telefon 57 69 87 11.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.​ Sjå utfyllande informasjon på Helsenorge.

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon dagtid 57 69 87 11
Opningstid sommar, 1.5. - 15.9. Måndag - fredag, kl 08.00 - 15.00
Opningstid vinter, 16.9. - 30.4. Måndag - fredag, kl 08.00 - 15.45
Gateadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
E-post postmottak@vik.kommune.no

Aktuelle lenker

Til toppen