Status koronaviruset

Her kan du lesa siste nytt om koronasituasjonen i Vik kommune:

Smitte Testing Tiltak Vaksine Anna Other languages

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som er skuleelev og under 20 år. Du kan få råd og rettleiing og få utførte helseundersøkingar og vaksinasjonar. Ved behov kan du bli vist vidare til fastlege, tannlege eller spesialist. 

Meir om tenesta

Skulehelsetenesta kan gi råd om fysisk, psykisk og seksuell helse, og jobbar for å styrkje skuleelevane si meistring av kvardagen.

Skulehelsetenesta kan halde kurs og delta på foreldremøte og kan i nokre tilfelle kome på heimegjesting.

Som skuleelev kan du fritt bruke skulehelsetenesta når du treng å snakke med ein vaksen om noko som er vanskeleg. 

Kven kan få tenesta?

Skulehelsetenesta er eit tilbod til barn og ungdom frå 6 – 20 år, og blir gitt i samarbeid med deira foreldre/føresette. 

I Vik har vi ikkje vidaregåande skule, elevane frå Vik kan nytta både skulehelsetenesta på skulestaden og i Vik. 

Korleis kan du søkje på tenesta?

Helsesøstrene har kontor på Vik helsestasjon på helsetunet måndag-fredag 08-16 (fram til kl 15 sommarstid).
På Flatbygdi skule har vi kontor/trefftid kvar måndag kl.09-12. På dei Feios skule vert det opplyst på førehand dei dagane helsesøster besøkjer skulen.

Du kan kontakte helsestasjonen på  telefon 57 69 87 11, eller du kan ringje:

  • Leiande helsesyster Inger Lise Fjærestad på telefon 414 68 507.
  • Helsesøster -Gunvor Refsdal på telefon 917 41 133.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Ta kontakt med helsestasjonen på telefon 57 69 87 11.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.​ Sjå utfyllande informasjon på Helsenorge.

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon dagtid 57 69 87 11
Opningstid sommar, 1.5. - 15.9. Måndag - fredag, kl 08.00 - 15.00
Opningstid vinter, 16.9. - 30.4. Måndag - fredag, kl 08.00 - 15.45
Gateadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
E-post postmottak@vik.kommune.no

Aktuelle lenker

Til toppen