BarnevaksinasjonsprogrammetLytt til tekstenStopp avspilling I Norge er all vaksinasjon frivillig. Det anbefalte vaksinasjonsprogrammet for barn og ungdom i Norge omfattar vaksinar mot ei rekke ulike sjukdommar som kan vere livstruande, eller gi alvorlege følgetilstandar. Les meir om barnevaksinasjonsprogrammet på FHI sine nettsider. Vaksinasjonen startar vanlegvis når barnet er 6 veker gammalt. Sidan fleire av sjukdommane det blir vaksinert mot råkar dei yngste barna hardast, bør ein unngå forseinkingar. Oppfriskingsdosar blir gitt i skulealder. Alle vaksinar i barnevaksinasjonsprogrammet er gratis. Tilflytta barn frå andre land får etterregistrert sine vaksinar og påfyllingsdosar tilpassa det norske barnevaksinasjonsprogrammet. Kontaktinformasjon Helsestasjon Informasjon Kontaktopplysningar Telefon dagtid 57 69 87 11 Opningstid Måndag - fredag, kl. 08.00 - 15.30 Gateadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn Postadresse Vik helsestasjon, Helsetunet, Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn E-post inger.lise.fjaerestad@vik.kommune.no Tilsette Inger Lise Fjærestad telefon: 41 46 85 07 Publisert 13.09.2022 10:46 Sist endra 14.07.2023 13:27