Influensavaksine

For nokre kan influensa gje alvorlege komplikasjonar. Helsegevinsten kan vere stor om du vaksinerer deg.

Barn og vaksne i risikogruppene bør ta vaksine mot influensa årleg.  Vaksina kjem til Vik kommune i slutten av oktober og vaksinasjonsdagane vert annonsert i avisa og på heimesida til kommunen. Vaksinasjonen skjer på helsestasjonen på Helsetunet. Du kan også ta kontakt med din fastlege for vaksinering. Du må vanlegvis betale for influensavaksinen.

Kven bør ta influensavaksine?

Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:

Barn og vaksne med:

  • kronisk lungesjukdom (inkludert astma).
  • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk).
  • diabetes type 1 og 2.
  • leversvikt eller nyresvikt.
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft.
  • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar).
  • svært alvorleg fedme (KMI over 40).
  • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad).

I tillegg blir influensavaksine anbefalt til:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie.
  • Personer som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte.
  • Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl.

Meir informasjon om influensavaksine finn du på temasidene til fhi.no

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon dagtid 57 69 87 11
Opningstid Måndag - fredag, kl. 08.00 - 15.30
Gateadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Vik helsestasjon, Helsetunet, Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
E-post inger.lise.fjaerestad@vik.kommune.no
Tilsette Inger Lise Fjærestad telefon: 41 46 85 07